Nattsjukepleiar 80% vikariat
Time, Norsko
- Země
- Norsko
- Zveřejněno
- 24. 9. 2026
- Uzávěrka
- 18. 10. 2026
- Pozice
- Nattsjukepleiar 80% vikariat
- Obor
- Helse og sosial · Sykepleier
- Úvazek
- Částečný úvazek
- Poměr
- Zástup
- Sektor
- Veřejný sektor
- Počet míst
- 1
- Město
- Bryne
- Kraj
- Rogaland
- PSČ
- 4340
- Zaměstnavatel
- Bryneheimen 2, Time kommune
O nabídce
Me søker sjukepleiar!
Er du sjukepleiar og vil jobbe i ein stor sjukeheimsavdeling?
Me søkjer deg som har lyst til å stå på for å gjere ein forskjell. Me søkjer deg som kan bidra til ein teneste som er i stadig endring.
Bryneheimen er ein sjukeheimsinstitusjon med 61 plasser fordelt på to etasjar. Her i andre etasje er det 32 somatiske sjukeheimsplassar. To av romma er ekteparrom, og me har nå også en eigen avdeling tilrettelagt for personar med demens.
I andre etasje har me eit dyktig og engasjert personale som trives godt på jobb. Visjonen i Time kommune “Me skal gjera kvarandre gode”, ligger til grunne i alt me gjer. Du vil bli en del av natteamet, og vi har fire nattevaktar kvar natt på huset.
Våre medarbeidarar er fagleg dyktige, løysningsorienterte og romslege.
Arbeidsplassen har stor takhøgde, fleksibilitet og tempo, så her gjeld det å henga med i svingane. Me har stort fokus på fag og kvalitet og me gir medarbeidararne muligheit til både fagleg og personleg utvikling. Me vektlegg i stor grad arbeidsmiljø og kompetanseutvikling, det skal væra gøy og koma på jobb.
Du vil gå i natturnus, med arbeid kvar 4. helg- me har årsturnus i avdeling og vil kunne legge til rette for en turnus du kan bli godt fornøgd med.
På natten vil du ha sjukepleieransvaret, enkelte ganger ansvaret på huset. Teamet per natt består av 4 stk, og det er to nattevakter i hver etasje.
Vikariatet har varighet på ett år- med mulighet for forlengelse.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiaransvar på nattKvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Du har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Gode datakunnskapar
Dersom du har relevant vidareutdanning er dette ønskjeleg.
Politiattest må fremleggjes ved tilsetting.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Personlig egnethet vektleggjas
Vi tilbyr
Gode pensjonsordningar
Løn etter lokal tariff/avtale
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
May Karoline Aasrud, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Hognestadvegen 41
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.:
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 18.10.2026
O zaměstnavateli
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
