CrewDeal
← Zpět na výpis
PráceNAV

Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland

Bergen, Norsko

Země
Norsko
Zveřejněno
24. 9. 2026
Uzávěrka
8. 10. 2026
Pozice
Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland
Obor
Helse og sosial · Lege
Úvazek
Částečný úvazek
Poměr
Zástup
Sektor
Veřejný sektor
Počet míst
1
Město
Bergen
Kraj
Vestland
PSČ
5009
Zaměstnavatel
IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune

O nabídce

TkVestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.

Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilviste frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.

Spesialistklinikken ved TkVestland i Årstadveien 19 har ti moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi om lag 50 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.

TkVestland søkjer no ein spesialist i oral kirurgi og oral medisin til eit 50 % vikariat fram til 31. august 2027.

Arbeidsoppgåver

Som spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilviste for vurdering, diagnostikk og behandling av orale medisinske tilstandar samt kirurgiske problemstillingar. Mange av desse pasientane har behov for tverrfagleg vurdering og behandling i samarbeid med andre tannlegespesialistar, og du vil ha ei sentral rolle i koordinering og gjennomføring av dette arbeidet.

Arbeidsoppgåvene omfattar òg deltaking i utadretta verksemd, som kurs, fagformidling og andre kompetansehevande tiltak. Dette kan til dømes vere rettleiing og rådgjeving til kollegaer i tannhelsetenesta, med mål om å styrkje fagleg utvikling og kvalitet i behandlingstilbodet. Tannbehandling i narkose kan verte aktuelt.

Kvalifikasjonar

Du må ha norsk autorisasjon som spesialist i oral kirurgi

Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som oral kirurgi

Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg

Den som vert tilsett i tannhelsetenesta, må leggje fram gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Du er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov.

Vi ser etter deg som:

Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, og tek ansvar for eiga fagutøving.

Møter pasienter med respekt og omsorg.

Kommuniserer tydeleg og skapar tryggleik hjå pasientar, pårørande og kollegaer.

Bidreg aktivt i tverrfaglege team og er ein ressurs for fellesskapet.

Er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling og deler gjerne kompetansen din med andre.

Handterer ein variert arbeidsdag med ro og fagleg tryggleik.

Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat. Søknaden må innehalde referansar og relevante attestar.

Vi tilbyr

Løn etter avtale.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Utfordrande oppgåver med mykje ansvar i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø.

Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Marita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838,

Arbeidsstad

Årstadveien 19

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.:

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 08.10.2026

O zaměstnavateli

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.