Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast Bu- og habilitering
Kvinnherad, Norsko
- Země
- Norsko
- Zveřejněno
- 24. 9. 2026
- Uzávěrka
- 9. 10. 2026
- Pozice
- Vernepleiar/sjukepleiar stilling med lange vakter på helg
- Obor
- Helse og sosial · Vernepleier
- Úvazek
- Plný úvazek
- Poměr
- Hlavní pracovní poměr
- Sektor
- Veřejný sektor
- Počet míst
- 1
- Město
- Rosendal
- Kraj
- Vestland
- PSČ
- 5470
- Zaměstnavatel
- Kvinnherad kommune Bu og habilitering
O nabídce
Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsvariasjonar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.
Omtale av stillingar
Fast vernepleiar/sjukepleiar stilling på 100 % som er ledige frå d.d.
Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal.
Arbeidstida er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.).
Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål. Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.
Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.
Søkjarar må ha sertifikat på bil
Eigenskapar
Fleksibel og løysningorientert
Gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
Kunna takla utfordrande adferd.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
O zaměstnavateli
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)
